søndag 14. juni 2009

Ei bygd langt borte, der Håp (Nadezda) bur.

Forfall og eit samfunn som har gjeve opp, -var det som vart sagt på førehand. Ei bygd der alt skal sannerast for å gjera plass til eit anlegg større enn Kårstøaanlegget. Skildringane frå dei som hadde vore der før var både skremmande og slik at dei pirra nyskjerrigheta.

Vi skulle reisa til Teriberka, bygda der mottaksanlegget for gassen frå Shtokman-feltet i Barentshavet skal byggjast. 12 mil nordaust frå Murmansk, ute ved kysten av Kola-halvøya. Ei bygd som til nå har vore stengd for framandtfolk som oss. Dei siste 40 km var det grusveg, brei og ikkje så verst å køyra på, sjølv om det stakk opp stein her og der. Området liknar mykje på Finnmark der reinlav ligg som tjukke dyner bortover vidda. Sikkert rikt med molter om sommaren. Tre vart det mindre av dess lengre nord vi kom. Til slutt var det berre nakne viddene å sjå.

Teriberka, 1 km, -stod det på skiltet. I bakgrunnen er ein gresk-ortodoks trekross. Lenger framme var det hus å sjå. Alle svært forfalne etter mange år utan vedlikehald. På stranda låg båtar, kvelvde og med hol i botnen. Nokre hus hadde store hol i taket og knuste vindauger. Andre var heile, men også dei svært medtadde. Det likna på eit utbomba krigsområde, var førsteinntrykket. Kunne her bu folk? Jo, 300 menneske skulle dette samfunnet innehalda, og etter kvart møtte me dei. Hyggelege helsa dei på oss på russisk. Me nikka reserverte attende. Ikkje så lett å snakka russisk.

Midt i bygda var eit stort bygg som virka nyoppussa og nymalt i sterk gulfarge. Det var ungdomsskulen, fekk me veta. Runt hushjørnene sprang smilande born og leika politi og tjuv. Kunne vore kor som helst, når vi såg bort frå tilstanden bygningane var i. Men folk var nå kledde som folk flest. Bilane derimot varierte frå gamle vrak til nye glis. Bilvrak stod både her og der.

I nokre svært forfalne hus stod det skilt som viste at her var det butikk. Vi måtte innom døra der. Lite varer å sjå i hyllene. Lokalet var ikkje større enn ein kiosk. Men her var ein del kunder, og ei hyggeleg dame bak disken. Nå fekk dei meir omsetnad. Vi måtte jo handla litt når vi først var innom. Men ikkje ta bilder!! Det forstod vi.

Eg kjøpte ei flaske cola, men prisen var ikkje god å forstå. Plukka fram eit par 10-rubel setlar. Nei, ikkje nok. Ho snakka i veg på russisk. Prøvde meg på engelsk, men det var inga hjelp i. Så var det plutseleg tysk å høyra. Ei eldre kone snakka til meg og sa at flaska kosta 44 rublar. Nå gjekk det betre. Fram med ein 50 rubel seddel (verdi ca 10 kroner). Så vart det litt prat på tysk. "-Eg forstår berre litt tysk. Kan ikkje snakka tysk," sa ho. Men ho snakka nå nokså bra syntes eg og vi hadde ein liten prat. Fekk ikkje vita kor ho hadde den kunnskapen frå.

Nå fekk eg ut og sjå etter resten av reisefylgjet. Dei var i full prat med ein blid lokal mann. Svein snakkar flytande russisk og var tolk. Atle kom fram med dokumenta som viste planane for Shtokmann utbygginga. Kva visste dei om denne? Hadde dei fått informasjon? Kva var folket blitt lova, mon tru?

Jo, dei gamle husa i bygda skulle rivast, sa han. Dei var blitt lova at det skulle byggjast 4-5 store blokker med nye bustader. Men det var for 3 år sidan. Lite hadde dei høyrt sidan, -og ingen ting sett. Dei hadde mista trua på at det kom noko godt til dei ut av dette. Peika på eit gammalt hus borti gata. Det hadde noko vore grønt ein gong i tida. -Der er kontora til Shtokmann utbygginga, sa den blide russeren.

Men eg valde nå å rusla av garde innover i området, mellom dei forfalne husa. Der traff eg på Arne og Tormod, som hadde fore i førevegen for å sjå seg omkring. Arne, som er bergensar, har sjølvsagt lett for å koma i kontakt med folk. Me labba bort til eit hus der me såg folk. Helste på dei. Arne prata i veg på gebrokkent engelsk og lokalfolket smilte og jabba i veg på russisk. Med armar og bein, norsk, engelsk og russisk vart det ein livleg samtale. Eg kan ikkje russisk, men forstår nå ein del ord, og vart ståande i "prat" med kona i huset. Ho spurte meg: "Vil de ikkje koma inn og få ein kopp te." "Jo takk, det vil vi gjerne," svara eg .... på norsk .... og vinka på Arne. "Vi er bedne inn på te. Skal vi gå inn?"

Og inn kom vi. Nadezda (tyder: Håp), som kona heitte, fekk over vasskjelen og vi måtte inn i stova. Her vart det mykje finare enn utanfor. Retteleg koseleg var det. Fjernsynet stod på, omgitt av stereoanlegg, fin hylleseksjon med pynt og bilder. Fram kom sjokoladekake, te-koppar og ymse mat. Ho retta opp i putene og teppene i sofaen. Vi måtte setja oss.

Så kom mannen også inn. Roman, heitte han. Ytterjakkene måtte av. Nå var vi inne så jakkene kom på knaggen ute i gangen. Praten gjekk livleg, dei på russisk der det kom som erter or ein sekk. Eg på norsk, og Arne på engelsk. Samma det. Dei forstod berre russisk. Så fingrar, armar, bein, mimmik og kroppsspråk - det gjorde nytten for oss.

Og fotoalbumma kom fram. Det var som om me var familiemedlemar som var komne på vitjing etter å ha vore lenge borte. Eg vart sitjande med Roman, som viste bilder frå fisketurar, snøscooter turar til fjels, og lastebilen han var sjåfør på. Begge arbeida på ein gard like ved. Hadde 12 kyr. Arne hamna i andre enden av det vesle stova der kona hadde funne fram album med bilder av familien. "To sønner og eit barnebarn hadde dei," -fortalde ho på russisk og peika på bildene. Det vart ein interessant samtale. Arne hadde og barnebarn, så då var kontakten knytta. Eg trur det var sånn omlag samme tema vi snakka om, sjølv om språka var ulike.

Men dette måtte forevigast. Vi fram med fotoapparat for å ta bilder av dei og av oss. Sonen, Sasja, kom inn. Han hadde reparert på Lada'en utanfor. Internett?? E-mail?? spurde eg og peika på bildet på kameraet og deretter på dei. Jo, sonen hadde internett, men pc'en hadde han i Murmansk. Han fram med papir og blyant. Vi skreiv ned e-mail adressene og lova å senda bildene vi hadde teke. Så for Roman ut ein tur. Like etterpå var han tilbake med oppskoren laks, lettsalta, kanhende som Sushi. Ei skål med sopp var der og, laga til som det smakte som sursild. Han hadde laga dette til sjølv av sopp han hadde plukke og laksen han hadde fiska.

Det smaka godt. Og som russisk tradisjon måtte det vodka til.

På fjernsynet stod gratulasjonskort og blomar. Eg peika på dei og lurte på om dei feira noko. jo, kona hadde hatt 52-års dag dagen før. Vi måtte gratulera, kan du veta. Arne nytta høvet til å stela seg ein klem frå Nadezda med det same.

Men mens me hadde det som kjekkast, så kom Svein inn døra. Han var på leiting. Kor var Arne og Steinar blitt av? Svein har studert russisk på universitetet og arbeida både i Kviterussland og her i Murmansk i mange år. Nå fekk vi litt hjelp med tolking slik at vi fekk takka for den gode mottakinga før vi for avgarde til ein siste rundtur i bygda Teriberka, og attende til Murmansk.

Kva er så framtida for desse 300 sjelene?
Bygda vert nok jamna med jorda for å gjera plass til framsteget. Vi kan vel tenkja oss at det ikkje er stort sakn med den tilstand husa var i. Folka vert truleg flytta til blokker med leilegheiter på 35 m2. Stua i saman. Området får restriksjonar på ferdsel. Fiske på isen og molteturar i heia blir nok ikkje fritidssyslane deretter, fryktar eg. Anleggstrafikk vil setja sine tydelege spor etter seg i ein sårbar natur der det tek mange 10-år og kanhende bortimot 100 år å gro igjen. Men det moderne samfunnet treng gass og økonomi. Framsteget nærmar seg Teriberka. Det er styrt frå Moskva.

Og mellom mange store selskaper og 13000 anleggsfolk, så blir det kanhende ein og annan nordmann som er med og produserer betong? Nye flotte bygg skal opp. La oss vona at samfunnet tek meir vare på dei nye bygga enn på dei som står der i dag. Kanskje kan ein og i framtida sjå at andre verdiar enn jag etter økonomi vert erstatta av omsut for medmenneske i dette samfunnet? Det er lov å håpa, men inni meg er det ein liten tvil. Til nå har dette vore eit samfunn - gløymd av omverda. Eit samfunn der ein var dømd til å verta til sin død, om ein var fødd inn der.

Vi kan reisa heim att til Noreg med sterke inntrykk frå ei bygd der vedlikehaldet aldri har fått rotfeste. Men og frå ei bygd der det er hjartevarme inenfor dei forfalne veggene. Ei bygd der borna framleis leikar rundt hushjørnene. -Kjem dei til å gjera det i framtida og?

http://vikebygd.org/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar