lørdag 26. februar 2011

HTC med fangst frå Facebook

Har fått meg ein sånn der HTC telefon nå. Interessant oppleving. I dagboka mi (kalenderen som ligg inne på telefonen) har det nå ramla inn fødselsdatoen til alle dei som har sett meg som ven på facebook (og ein del av deira vener og...). Bilete av dei er og med. Ja, og sjølvsagt alle telefon nummer dei har. Flott system?

Forresten, visste du kor dine personlige opplysningar blir av når du legg dei på facebook? At dei automatisk blir sendt vidare til andre tilfeldige mottakarar?

Eg kan ikkje lova alle pressang på dagen deira, sjølv om dei ligg inne i mi dagbok, på min mobiltelefon, med fødsldato og bilde ditt. Men du kan i alle fall få ein god tanke av meg på dagen din. Det skal eg prøva å ta meg av, for takk vere facebook så har eg oversikt over mangt og mykje.

Men kva om det er uærlege menneske som får denne informasjonen. Gjennom internett er det mogeleg å samla opp ein god del personleg informasjon om einskildmenneske. Dei er sjølve flinke til å fortelja om alt det dei gjer kvar dag - på nettet. Så ligg risikoen der for at din personlegdom kan verta stolen. At andre kan ta din identitet.

Slutt å ver paranoid, høyrer eg du seier. Kanskje det? Men eg veit om fleire tilfelle der slik informasjon er utnytta. T.d. til å abonera på telefon i ein annan person sitt namn. Det er vanskeleg å overtyda telefonsselskapet om at det ikkje er du som har brukt telefonen og som skal betala rekninga.

Men dette har du sikkert vurdert nøye før du la ut informasjon om deg sjølv. Likevel kan eg ikkje la vere å oppfordra deg til å tenkja deg om før du legg ut informasjon om andre. Kan det bli misbrukt?

God helg, og vel overstått til deg som nettopp har hatt fødselsdag- ja du står kanskje i kalenderen min. Den som har henta informasjonen sin frå facebook. PS. Eg får ikkje til å sletta den informasjonen. Fekk ikkje med bruksanvisning til HTC'en min, ser du.