Det er påske. Ei tid då kvar femte Haugalanding dreg til snø og skiheisar, mens resten ikkje gjer det. Nokre vil kopla av. Finna roen. Det vi eigentleg skulle ha nytta tida til i den kristne høgtida, Påske, er å kopla til. Kopla til Han som gjev kraft til k vardagen. Kopla til gjennom ordet i Bibelen. Ta ein tur i kyrkja eller forsamlingshuset. Lytta til ordet om Jesus, som påsken er tufta på, Frelsaren. Han som det er sagt om: "For så høgt elska Gud verda at Han ga sonen sin, den einborne, for at kvar den som trur på Han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje sonen sin til verda for at Han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved Han. (Joh. 3, 16-17). "
La oss nytta påsken til å kopla til.
God påske.
onsdag 31. mars 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)